Å Betlehem, Du Vesle By

 


Å Betlehem, du vesle by, me ser deg kvila der.
Og over deg så stille dreg den store stjernehær.
Men i dei mørke gatene eit æve-lys skin ned.
Til deg no går dei tusen år sin lengsel etter fred


For denne natt ein frelsar stor vart fødd, og englar kvad
Mens verda sov, dei song Guds lov, og himmelen var glad.
Å, morgonstjerner i tusental forkynn at han er fødd !
Du stjernekor, pris kongen stor ! Og fred på jorda mødd


Kor stilt, kor stilt vår Herre gav den julegåva god.
Slik himmelen gjev jorda enn si rike signings-flod.
Me merkar ikkje hans kome her, men til kvar open sjel
stig Jesus inn med nåden sin og gjer ein syndar sæl


Å, kongebarn frå Betlehem, inn i vårt hjarta drag.
Me audmjukt bed: Stig til oss ned, vert fødd i oss i dag.
Me høyrer englesongen som det glade bod fortel.
Å, kom til oss, å, ver hos oss, Guds Son, Immanuel

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *