Høyr kor englar syng frå sky

 


Høyr kor englar syng frå sky:
Krist er fødd i Davids by,
kjem med frelse til oss ned,
gir oss med Gud Fader fred.
Glade alle folk stig fram
for å hylle det Guds Lam.
Kom, ver med i dette kor
som nå tonar over jord.


Ref
Syng med englar høgt i sky:
Krist er fødd i Davids by!


Krist av englar ære får,
Krist er evig Herren vår.
Han som har Gud sjølv til Far,
kom då tida mogen var,
kledde seg i kjøt og blod,
nådig mellom oss han stod.
Jesus, vår Immanuel,
er vårt trygge frelsefjell.


Syng ein song til Herrens pris!
Lovsyng han på englevis!
Rettferds sol, vår frelsegrunn
pris skal ha frå kvar ein munn.
Fødd ved Anden, av ei møy,
fødd så ikkje vi skal døy,
fødd til liv og lækjedom
gjev han oss i himlen rom.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *